fredag 27. januar 2012

Strikke- og bloggetid

Etter at Lillebror blei fødd har det ikkje blitt mykje tid til verken strikking eller blogging, men no kan det sjå  ut til at han endeleg byrjar å finne roen om kveldane. Grunna lite strikketid har eg valt strikkeprosjekt som ikkje krev så mykje, og som er forholdsvis lettstrikka, sånn at eg skal kunne ha eit håp om å få dei ferdige. Det første prosjektet i 2012 nærmar seg målstreken, så nå må eg først få blogga dei siste prosjekta frå 2011.

Eg fekk til slutt gjort ferdig både rillejakka og vesten, som lenge låg nestenferdige i kurven, takka vere ei venninne som lærte meg å sy i knappar. Ja, så gale står det til med sydugleiken i denne heimen. Men no vert det forhåpentlegvis andre bollar.

Rillejakke frå Strikk til Nøstebarn, strikka med ein tråd merinoull frå Bånsull og ein tråd Dale babyull. Eg har lagt til litt på lengden både på bolen og ermane, for jenta mi er litt større enn største størrelse. Lillepia har sjølv vore med på butikken og plukka ut knappane:

DSC01059.jpg

DSC01070.jpg


Enkel vest frå Pickles, strikka med Askeladden dobbel totråds merinoull. Denne bruker ho heile tida, så eg må nok strikke fleire av denne. Og, ja, den var enkel og rask å strikke.

DSC02447.jpg
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...